nordr

Ditt første kjøp

Lerum Brygge er ikkje berre store leilegheiter! I den siste blokka har vi mindre leilegheiter tilpassa deg som skal inn i bustadmarknaden for første gang. 

Halvparten av leilegheitene vi no har for sal i blokk C er arealeffektive leilegheiter du som ung vil trivast i. 

Felles takterrasse - møteplassen

I tillegg til å nyte livet på eigen balkong, kan du fritt bruke ein stor, felles takterrasse på 120 m² i C-blokka. Denne blir møblert som på bildet, og her kan det bli alt frå vaffeltreff, yoga og felles middagar, til enkle og gode møtepunkt i kvardagen!

Takterrassen ligg som ein inngangsport til Lerum Brygge, med god utsikt og kort veg til Dampskipskaien. Her kan du nyte morgonsola mot fjorden og kveldssola framover mot Sogndalsdalen.

Takterrassen her er felles kun for dei 27 leilegheitene i blokk C.

Ein smart og moderne bustad

På Lerum Brygge er det lagt til rette for smarthus-teknologi. Du kan mellom anna styre lyset i leilegheita via app. Dette kan byggjast ut slik at du óg kan styre varmen i leilegheita tilsvarande.

Ringer det på døra, kan du bli sittande i sofaen – det er enkelt å sjekke kven det er og åpne døra frå mobilen. Den felles hovudinngangsdøra har óg nøkkelfri opning.

C-106

Arealeffektiv leilegheit på 34,7 *kvm med flott utsikt mot Damskipskaien og Sognefjorden

C-105

Romsleg 2-roms leilegheit på 46 kvm med nydeleg plassering. Leilegheita har ei innvendig bod på heile 4,8 kvm med vindauge, ei romsleg bod som har potensiale til langt meir enn berre oppbevaring. 

Ditt beste bustadkjøp

Dei fleste leilegheitene har energikarakter B eller betre. Det gir i mange bankar moglegheit til ‘grøne lån’, noko som kan gi deg billigare lån.

Nyare leilegheiter som byggjast etter dagens standard, gir óg lågare straumkostnadar enn eldre leilegheiter.

Ikkje minst er det skattemessigt gunstig å eige eigen bustad, då får du frådrag for gjeldsrenter. Ein betaler ned på eige lån framfor å leige.

Å komme tidleg inn på bustadmarknaden kan difor lett også bli ditt beste bustadkjøp. Lerum Brygge ligg sentralt til i ei bygd i vekst, og er ein unik sjanse til å leve det gode liv i ei attraktiv leilegheit ved fjorden.

Det aktive liv ved fjordkanten

Bur du på Lerum brygge er det gang- eller sykkelavstand til det meste. Du har tilgang til eige rom der du kan stelle med syklar og preppe ski. I tillegg blir det kajakkar for utleige i sameiget. 

Visning

Velkommen på open visning onsdag 15.05 kl 18. Her får du høve til å bli med opp i leilegheita og sjå utsikta! 

Meklarinformasjon

Nordr