nordr
  • Unikt i Sogndal

  • Sentralt

  • Ved fjorden

Lerum Brygge

Det gode liv ved fjorden

Saman med Lerum Brygge AS skal Nordr føra opp om lag 115 leilegheiter på Lerums kaien i Sogndal. Med Lerum Brygge får du ein unik sjanse til å bu ved fjorden og «leve» det gode livet her! Blokk A og B er utselt og overlevert, mens Blokk C er ute for sal. 

Visning

Kontakt meklar for avtale. 

Pris

3 100 000 - 8 650 000

Kvm.

34.7 - 97.8

Soverom

1 - 3

Innflytting

3. Kvartal 2024

Blokk C

Etter suksessen med blokk A og B, legg me no ut 27 leilegheiter i blokk C, i varierande storleik frå 35 m² til 98 m².

Den siste blokka i byggeprosjektet, Blokk C, blir ein sosial del av Lerum Brygge med ein takterrasse på heile 120 m²! Bygget er lågare enn dei andre to, er tettare knytt opp mot kaia, og blir inngangsporten til Lerum Brygge.  Alle kan nyta livet ute på eigen balkong, nokre store, andre mindre.

Leilegheitene er arealeffektive, slik at dei kjenst større enn dei er. Takhøgda er 260 cm i stort sett alle leilegheitene, mot 240 cm som er standard. Det er store vindaugsflater og høg terrassedør for å sleppe inn mykje lys, fleire av leilegheitene har doble terrassedører.

Arkitekten ser for seg at Blokk C som siste byggetrinn på Lerum Brygge har leilegheiter for bustadkjøparar i alle livsfasar. Arkitektkontoret 4B har òg vore nøye på val av materialar. Lerum Brygge har ein grøn og tidlaus profil – og tilbyr ein lun atmosfære.


Prosjektstatus Blokk C

  • Planlegging
  • Salstart 

    Q2 2022

  • Byggestart

    Q4 2022

  • Innflytting

    Q3 2024

  • Ulike leilighetstypar

  • Balkongar

  • Gode kvalitetar

Leilegheiter

I Blokk B finn du en  ledig leilegheit og i Blokk C 27 leilegheter med varierande storleik fra 35 kvm til 98 kvm.

Fleire leilegheiter har store og gode balkongar, nokre har store takterrassar. Lerum Brygge innehalde leilegheiter som stettar dei fleste sine behov.

Møtestaden

Lerum Brygge skal vere mykje meir enn berre ein stad å bu.
I prosjektet skal det byggjast gode uteareal der ein kan nyte stunda åleine eller ha fellesskap med gode naboar og bygdafolk. På Lerum Brygge bur du rett på den populære Fjordstien, der du kan gå frå Loftesnesbrui til Bondeviki. Fantastisk morgon- eller kveldstrim.

Berekraftig og aktiv livsstil ved fjorden


Få stader har eit så konsentrert sentrum som Sogndal. Bur du på Lerum Brygge har du gang[1]eller sykkelavstand til det aller meste i bygda. På to minuttar er du i sentrum, og ein fem minuttar lang sykkeltur tek deg til Campus Sogndal - med alle dei aktivitetane og arbeidsplassane som er der. Berekraft er ein raud tråd i prosjektet. Her leggjast det til rette for elsykkel-deling. Det vil også kome på plass kajakkar som bebuarane på Lerum Brygge kan bruka. Sykkel og skimiljøet er stort i Sogndal. For å ivareta behovet til desse, vil det bli etablert eit rom der ein kan preppa skia og stelle med syklar – eller anna sportsutstyr. Lån deg ein kajakk og nyt ein stille dag på fjorden, eller kva med å ta med naboen på ein sykkeltur?

Næringsareal


Det byggjast eit næringsareal i blokk A. Vår ambisjon er å tilføre mange gode kvalitetar i prosjektet, som for eksempel spisestad – slik at du kan leve det gode liv på kaikanten! Vi jobbar også med å utvikle ei småbåthamn med båtplassar, til glede for store og små.

Aktuelt

Meld din interesse
 

Meklarinformasjon

  
 

Fleire prosjekt