veidekke

Selde for 12,5 millionar på ei veke. No kjem B-blokka

2021-03-25
(Artikkel frå Sogn Avis av Arve Uglum)

Den siste veka har eigedomsmeklar Jan Rune Årøy selt fem leilegheiter på Lerum Brygge til ein samla pris på 12,5 millionar kroner. Neste blokk blir lagt ut for sal like etter påske.

Foto: Arve Uglum

– Det er ofte slik når det tek til å minka på leilegheitene. Då er det mange som har gått og tenkt på det, og så oppdagar dei at det er få att. Det blir alltid litt trongt i døra på slutten, seier ein glisande eigedomsmeklar Jan Rune Årøy hjå Meklarhuset Sogn.

På ei god veke har han selt unna fem leilegheiter i A-blokka, som er under oppføring bak han. Arbeidarane jobbar no med golvet i tredjeetasjen. Eit golv Årøy nett har selt store deler av. Leilegheitene som har gått den siste veka er av den mindre sorten. Frå 41 til 50 kvadratmeter, til prisar mellom to og ein halv og tre millionar kroner.

Stilt rundt jul – så tok det av att
– Etter ein god salsstart var det stilt rundt jul. Så tok det seg opp att, og spesielt den siste veka. No er det berre fem leilegheiter att, seier Årøy. Blokka som er under oppføring skal romma 43 leilegheiter, og det høge salstempoet gjer at ytterlegare 45 leilegheiter i b-blokka snart kjem for sal. Prospektet skal etter planen ut til dei rundt 500 på interesselista alt denne veka, og salet opnar like etter påske.

– Visste me ville bli tomme – Me visste me ville bli tomme etter den gode starten, og det gjorde at me måtte koma fort i gang med blokk B. No håpar me folk brukar påsken på å lesa prospekt innimellom skiturane, seier prosjektleiar for Lerum Brygge, Leif Henning Øyre.

Han seier salsprosessen vil vera lik den dei hadde for første blokka.

– Men me har sendt ut spørsmål til dei på interesselista om kva type leilegheit dei ynskjer, og mange har svart. Fleire enn me opplever på tilsvarande prosjekt i til dømes Bergen.

110 leilegheiter til saman Til saman skal det bli 110 leilegheiter fordelt på tre blokker. Første blokka skal etter planen overleverast til kjøparane tidleg hausten 2022. Innan då vil Øyre at det utvendige arbeidet på b-blokka skal vera ferdig, slik at folk slepp å fytta inn nær ein byggjeplass.

– Då kan me ferdigstilla arealet rundt, slik at dei som 􀃓ytter inn slepp byggjeaktivitet så tett innpå seg, seier Øyre, som reknar med at han set i gang med å prosjektera den tredje og siste blokka til sommaren. Må han tippa trur han dei kan vera i gang med byggjearbeidet på siste blokka sommaren 2023 Kvar blokk har ei byggjetid på to år.

Næringsarealet ventar
Den første blokka har også eit næringsareal på 180 kvadratmeter i sokkeletasjen. Det har ikkje vorte lagt ut for sal enno.

– Der prøver me å få med oss ein aktør som kan driva til dømes ein liten kafe eller restaurant. Me har ikkje jobba med det i det siste, men innan sommaren må me prøva å finna interessentar, seier Øyre.

Årøy kan gni seg i hendene etter ei salsveke han knapt har sett maken til. På spørsmål om dei siste kjøparane skal bu der, eller kjøper leilegheit som investering, svarar han begge deler.

Dei feste skal skal fytta ned hit og bu her, og så er det nokre som ser dei minste leilegheitene som ei investering og kanskje skal leiga ut før dei sel att, seier Årøy.

https://www.sognavis.no/5-115-606486