nordr

God Jul frå Lerum Brygge

2021-12-23
Tiden går fort – no er vi i ferd med å avslutte året 2021!For oss som arbeider med prosjektet Lerum Brygge har det vore eit spennande og kjekt år, vi set alle stor pris på å få være med å forma eit godt bustadprosjekt i Sogndal.

Sjølv om det grunna pandemien har vore nokre utfordringar med leveransar av bygningsmaterialar til prosjektet, synes det likevel som at det ikkje får nokon framdriftsmessigt konsekvens med omsyn til overlevering av leilegheitene. Slik det ser ut vil det då bli overlevering av Blokk A i oktober/ november månad 2022, medan det for Blokk B blir overlevering i oktober/ november månad 2023.Vi er elles omtrentleg ferdig med prosjektering av Blokk C, denne leggjast ut for sal no på vårparten. Denne blokka kjem til å ha mindre leilegheiter enn det vi har i Blokk A og B, dette for å samla sett få ein optimal leilegheitsmiks i prosjektet Lerum Brygge. Vi gleda oss til å få lagt denne blokka ut for sal!

Det er sikkert fleire av dykk som er spente på kva som er situasjonen med næringsarealet. Grunna pandemisituasjonen har det vore litt utfordrande å få på plass ein leigetakar, men vi har von om å få dette på plass på nyåret. Vi synes at vi saman med arkitekt og interiørarkitekt har fått forma eit svært godt og attraktivt næringsareal. Det skal bli kjekt å kunne ta seg ein kaffi kopp og eit tebrød her!

Vi er stolte av prosjektet og har lyst å vise dette fram – har de spørsmål til prosjektet eller har lyst på ein tomtevisning er det kjekt om de tek kontakt med Meklarhuset Sogn!

For meir om Nordr sitt byggeprosjekt på Lerum Brygge – det gode liv ved fjorden, sjå prosjektets bustadveljar her.

Vi i prosjektorganisasjonen vil ønskja dykk alle EI GOD JUL OG EIT GODT NYTT ÅR!

 

Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med Meklarhuset Sogn:

Jan Rune Årøy
Tlf: 950 44 240
Mail: jan.rune@meklarhuset.no

Olav Skjeldestad
Tlf: 905 64 525
Mail: olav@meklarhuset.no

Bjarte Haugen
Tlf: 948 56 528
Mail: bjarte@meklarhuset.no