veidekke

Lerum Brygge – det perfekte utgangspunktet

2021-06-28
Leilegheitene på Lerum Brygge ligg nært på både sykkelstiar og laussnø i verdsklasse.

Sogndal har mykje å by på, uansett årstid. Sogndalsdalen er kjent for laussnøen, med korteiste toppturar og har eit populært skianlegg i vekst. Her er til og med ein laussnøekspress som fraktar deg tilbake til skitrekket når du har dratt til skogs for å finne meir laussnø!

 I tillegg finn du Sogn skisenter på Hafslo, 20 minuttar frå Lerum Brygge, og tilgang til unike fjellturar i både Jostedalen og på Sognefjellet når våren kjem, rundt ein time frå leilegheitene.

 Og ikkje gløym sykkelmoglegheitene på Kaupanger, eller fjellturane du kan gå frå eigen dørstokk.

 – Eg ville kalle moglegheitene her ganske så unike. Frå Lerum Brygge kan du køyre 15 minuttar med bil og ha mange topptur-moglegheiter. I Oslo-området må man sette av en helg om man skal få seg en ordentlig topptur, fortel Arnfinn Kolstad.

Bu litt her og litt der

Kolstad har nyleg kjøpt leilegheit på Lerum Brygge, ein leilegheit i Blokk B som skal stå klar i 2023. Hit tar han med seg jobb og kvardag – som skal kombinerast med ein kvardag på austlandet.

 – Tanken er å vere litt her og litt der. Jobben er lokalisert i Oslo-området, men ein har jo nå sett at det går an å ta med seg jobben der ein vil, fortel IT-rådgjevaren.

– Eg elskar å stå på ski og sykle, og når eg periodevis bur på Lerum Brygge kan eg jobbe tilnærma full dag, stikke på topptur, og jobbe ei kveldsøkt når eg kjem heim igjen etter to-tre timar i pudder. Det er ein heilt anna nærleik til toppturar enn det ein har i storbyen.

 – Etter ei økt på beina, på ski eller sykkel kan eg ta en dukkert i fjorden med påfølgjande badstue på brygga, ta ein øl eller ete ute, eller ta ein kaffe latte i parken. Alt innafor tøffelavstand!

Foto: Fjellsportfestivalen

Sogndal skisenter Hodlekve: https://www.sogndalskisenter.no/
Sogn skisenter: https://www.sogndalskisenter.no/

For meir om Nordr sitt byggeprosjekt på Lerum Brygge – det gode liv ved fjorden, sjå prosjektets bustadveljar her.


Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med Meklarhuset Sogn:

Jan Rune Årøy
Tlf: 950 44 240
Mail: jan.rune@meklarhuset.no

Olav Skjeldestad
Tlf: 905 64 525
Mail: olav@meklarhuset.no

Bjarte Haugen
Tlf: 948 56 528
Mail: bjarte@meklarhuset.no