nordr

Frå produksjonsanlegg til møtestad

2021-06-24
Lerum Brygge skal vere ein god stad å bu, men også ein stad der sogndøler og andre kan møtast.

Frå saft- og syltetøyproduksjon til bustader

I 1920 flytta Lerum produksjonen av saft og syltetøy frå Sørheim i Luster til Sogndal. Isen på Lustrafjorden skapte problem på vinteren, men i Sogndal var ikkje dette problemet like stort. I tillegg fekk Lerum ein fabrikk med god tilgang til båt-transport til Bergen.

I 99 år produserte Lerum sine saft- og syltetøyprodukt til norske heimar på denne flotte og sentrale tomta i Sogndal. Etter vurderingar om dei skulle byggje ut anlegget, valte Lerum i 2019 å flytte all sin produksjon til anlegget på Kaupanger. 

Saft- og syltetøyprodusenten var oppteken av at tomta skulle utviklast til beste for bygda. Saman med andre aktørar i bygda vart det etablert eit aksjeselskap - Lerum Brygge as - der dei gjekk saman med Veidekke Eiendom as (seinare Nordr as) om å etablere bustader på tomta ved fjordkanten. I dag eig Lerum-familien og lokale aktørar 54% av Lerum Brygge as, Nordr as eig resten.

Som dei fleste andre produksjonsanlegg var Lerum-kaien eit lukka område, som gav sogndøler dårleg tilgang til fjorden og blokkerte for at fjordstien verkeleg gjekk langs fjorden.

Frå tre til fire blokker

Den opprinneleg reguleringsplanen la til grunn fire bustadblokker på Lerum-kaien, men dette er i prosjektet blitt redusert til tre blokker for å opne opp mellom bygga og gjere uteareala større. 

For Nordr og dei lokale eldsjelene bak prosjektet har det vore heilt sentralt at uteområda skulle gjerast attraktive for heile bygda. Lerum Brygge skal vere ein møteplass og gje tilgang til fjorden, fjordstien og gje eit godt samspel mellom ny og eksisterande busetjing.

Her kjem eit flott amfi og ein stor kaifront, og det vert arbeidd med å få på plass båtbryggje og flytande badstove. Lerum Brygge vil og ha næringsareal i blokk A, og vi jobbar for at det skal komme ein cafe, restaurant, konditori eller liknande her. 

Vi er opptekne av at dette skal vere med på å skape gode møteplassar for folk og eit levande område for alle i bygda vår. 

Bygg med kvalitetar

Dette er ei stor utbygging i Sogndal. Det vil alltid vere ulike meiningar rundt storleiken på prosjektet. Saman med Arkitektkontoret 4B er det brukt mykje tid og ressursar på å skape ei utbygging som best mogleg passar inn i nabolaget i Fjøra, med bygg som har gode kvalitetar og ikkje er lavkostbygg.

Alle blokkene blir nedtrappa mot eksisterande bustader. Det er valt kledning av tre på fasadane for at bygningane skal passe best mogleg inn i nabolaget. Og på taket vil det bli sedum med grøne vekster, som vil gi eit lunt preg for dei som ser taka frå Leite og andre stader.

Vi er glade for at både politikarar, kjøparar og sogndøler flest har oppfatta denne transformasjon av Lerum-kaien frå eit trist produksjonsområde til eit attraktiv bustadområde som positivt. 51 selde leilegheiter pr. juni 2021 vitnar om eit populært prosjekt og vi er i rute med bygginga.

Sogndal er ein av dei kommunane i landet med høgast tilflytting - spesielt av unge folk - og bygda treng offensiv bustadbygging. Det er vi glade for å kunne bidra med og vi gler oss til prosjektet vert innflyttingsklart!

Interessert i leilegheit på Lerum Brygge? Sjekk ut vår bustadveljar.
Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med Meklarhuset Sogn:

Jan Rune Årøy
Tlf: 950 44 240
Mail: jan.rune@meklarhuset.no

Olav Skjeldestad
Tlf: 905 64 525
Mail: olav@meklarhuset.no

Bjarte Haugen
Tlf: 948 56 528
Mail: bjarte@meklarhuset.no