nordr

Det går fremover med Lerum Brygge!

2021-11-17
Det skjer stadig positive ting i prosjektet, det er soleis kjekt for oss å få informere om status på prosjektet slik det står i dag. Framdrifta i bygginga både med Blokk A og B går svært bra. På Blokk A arbeidast det med å ferdigstille ytterveggane. Det skal brukast mykje tre kledning på fasadane, noko som vil gje eit «varmt» uttrykk av bygget. Vi er også komne godt i gang med bygging av Blokk B, her er vi i sluttfasen med bygging av garasjen under blokka.

So langt i prosjektet har vi lagt ut 88 leilegheiter for sal, av desse er det i dag kunn 17 leilegheiter som ikkje er selt – noko som er særs uvanleg nesten 2 år før leilegheitene ferdigstillast. Det er kjekt å sjå at marknaden har teke so godt imot prosjektet! Når vi har så få leilegheiter igjen å selje har det vore viktig for oss å framskunda prosjekteringa av Blokk C som siste byggetrinn. Slik det ser ut vil denne bestå av om lag 25 leilegheiter. Snittstorleiken på leilegheitene i denne blokka vil være ein god del lågare enn i Blokk A og B. Det vil her bli 2 roms (1 soverom) og 3-roms (2 soverom) leilegheiter med storleik varierande frå om lag 35 til 80 m2. 

Det planleggjast også å bygge ein felles takterrasse i denne blokka. I tilknyting til garasjen planleggjast det å bygge ein felles ski og sykkelverkstad for prosjektet. Det leggjast opp til at denne skal ligge i front av bygget med glas fasade mot sjøen, det vil bli ein kjekk plass å stå og «mekke» fritidsutstyret sitt. Det arbeidast for sals start av Blokk C i mars månad.


Det arbeidast elles i desse dagar med vidare utvikling av næringsarealet i Blokk A, det kjem til å bli eit utruleg fint og luftig areal. Aktiviteten i dette arealet kjem til å være eit stort pluss både for dei som bur på Lerum Brygge og dei som ferdast på Fjordstien. Målsettinga er at ein her skal kunne kjøpa seg ein god kaffi og eit varmt tebrød – det fristar!

Vi har sagt det før – det skal bli kjekt å bu på Lerum Brygge!

Vi er stolte av prosjektet og har lyst å vise dette fram – har de spørsmål til prosjektet eller har lyst på ein tomtevisning er det kjekt om de tek kontakt med Meklarhuset Sogn! 

For meir om Nordr sitt byggeprosjekt på Lerum Brygge – det gode liv ved fjorden, sjå prosjektets bustadveljar her.


Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med Meklarhuset Sogn:

Jan Rune Årøy
Tlf: 950 44 240
Mail: jan.rune@meklarhuset.no

Olav Skjeldestad
Tlf: 905 64 525
Mail: olav@meklarhuset.no

Bjarte Haugen
Tlf: 948 56 528
Mail: bjarte@meklarhuset.no